|
19. desember hadde me julebord på friluftshuset på Orre. Komiteen hadde som alltid stått på, dekka fint og planlagt god underhaldning. Me fekk ribbe og pinnekjøtt frå Jette, sysjå frå Staurhodl kom på besøk, eit nummer frå årets forestilling på Undheim vart vist og sjølvsagt hadde me pakkelek.
|