 |
|
|
Lye og Undheim - på Lye stod me klar i uniform, men fekk på oss regncapene i siste liten då regndråpane kom fem minutt før avgang. |
|
|
|
Her er me på Frøyland i opphaldsver og til og med med solgløtt. Etter toget serverte Gunn Iren kaker og kaffi til heile gjengen. |
|
|
|
Under folketoget regna det godt, men då var me jo ferdige, og om me var litt blaute gjorde det ingenting. Det var varmt og godt heime hos Åse og Berge på after Train. |
|
|
Bryne musikkorps er korpset i regionen som går i flest tog, går flest skritt og har flest avspelte marsjar i løpet av den store festdagen. Me gjekk over 33 000 skritt og dei fleste kjenner det nok litt i kropp og lepper dagen derpå, med unnatak av trommeslagarar og fanebærarar, som nok ikkje kjenner så mykje i munnregionen :)
Programmet vårt: 0700 Morgonspeling i Vardheia 0800 Speling ved hesten Frokost på skulen 0930 Barnetog Bryne 1100 17. mai tog på Lye 1200 17. mai tog på Undheim Lunch på Ming House 1400 Folketog på Frøyland Kaffi og kaker hos Gunn Iren 1600 Folketog på Bryne After train hos Åse og Berge Marsjrepertoaret vårt dette året var: King-Size Norge i Rødt kvitt og blått Homenkollmarsj The final countdown Seventysix trombones Dyreparken Dixieland strut Forelska i lærer’n Gammel Jegermarsj og så hadde me med Rum and coca cola som underhaldningsnummer medan me venta på avgang.
|