|
Før me visste ordet av det, var det mai og humanistisk konfirmasjon igjen. Ikkje at me har noko imot det, det er eit av dei gildaste aktivitetane me har i løpet av året! 2. mai og flott ver, mange flotte konfirmantar, og som vanlig mykje god mat i pausane, samt at me har tid til god drøs. Årets festtalar var Eirin Sund, og på repertoaret vårt stod Prelude Te Deum, River deep mountain high, Rolling in the deep, Runaway baby, We are young og Farvel til en slavisk kvinne. Kirstin Julfelt var igjen med oss som solist, og var og forsangar til allsangane, der Saulius spelte flygel.
|