Årets årsmøte vart avhalde 21.02.14 på Bryne mølle. Etter det formelle årsmøte, der me hadde besøk av Brit Johanne Orre som representant frå NMF, hadde me middag og kick-off fest for 80 års jubileet vårt. Årsmelding og rekneskap vart godkjent, og nytt styre valt.
Det nye styret er
Kjetil Gudmestad - formann
styremedlemmer:
Elise Wefring Fosse
Anne Jorunn Horpestad
Janne Christin Lyngstad
Torger Reve
Gunn Iren Hognestad - varamedlem
Brit Johanne delte ut medaljar frå NMF, og det er ikkje småtteri av korpsår desse medlemmane står for. Sjå denne lista :
Eldor Fjermestad 50 år i NMF
Bjørn Kverneland 40 år i NMF
Elise W. Fosse 30 år i NMF
Berit Skarestad Njaa 30 år i NMF
Fantastisk innsats, og gjenspegler vel i høg grad kor kjekt det er å vera medlem i eit musikkorps.
Årets musikant vart velfortent Åse Kyllingstad Hatteland. Utdrag frå formannen sine stikkord då han presenterte vinnaren: Veldig godt frammøte på øvingar og oppdrag i alle år, steller til frokost til oss 17. mai, koker kaffi på kvar øving, gir mat og husrom til utenlandsgjester, seier ja til det meste ho blir spurt om, gjer seg aldri og "bles til leppene blør" om nødvendig, trosser hoftesmerter og går i alle tog 17. mai og overtok på strak arm arrangering av after train.