|
Eit av høgdepunkta våre gjennom året, den humanistiske konfirmasjonen, er overstått.
Rundt 90 konfirmantar delt på tre seremoniar, har me fått vore med og stått for den musikalske ramma rundt. Flotte ungdommar, fine talar og fin stemning. Hovudtalar var Eirin Sund, og ho fungerte me og som kor for under framføring av Du skal få ein dag i mårå. I tillegg stod som vanleg Ingve Serigstad for klaverakkompagnementet til forsangar Bodil Løvoll under allsangane. Mottoet må vera "Bryne musikkorps kan brukast til alt". Av korpset sine medlemmer stod to konfirmant i dag, Hege Marie Reve og Marius Odland Sagelv, og sistnemde fekk me spela for i Storstovå.
Repertoar Humanistisk konfirmasjon 04.05.13
Te Deum Nine to five Liten fuggel The Speak up Mambo The Misty Mountains (the Hobbit) Farvel til en slavisk kvinne
|