Promotering og prøvesmaking
Potet og korpsfestivalhelga nærmer seg med stormskritt, og 1. september stilte me utfor M44 og spelte og reklamerte for Vazelinaarrangementa. Etterpå var me i koselig selskap på Time vidaregåande skule der "kokkane" frå den Litauiske foreininga hadde prøvelagt komle. Her var komler med både cottage cheese og kjøtt til "dott", servert med kjøtt-/soppsaus og rømme. Til kaffien fekk me den litauiske varianten av kransekake. Alt dette kan du få smake om du kjem til Bryne torg laurdag 15. september.