Velkommen til Bryne musikkorps

Humanistisk konfirmasjon

Ein fullsatt sal i bakgrunnen her
Ein fullsatt sal i bakgrunnen her
Ingve trakterte som vanlig klaveret under allsangen
Ingve trakterte som vanlig klaveret under allsangen

8. mai var det humanistisk konfirmasjon i Storståvå, og igjen fekk me oppdraget å stå for musikken og spela for fulle salar under seremoniane. Dette var like høgtidsstemt som alltid, flotte konfirmantar, godt arrangement og dette året med ein særdeles god tale av Per Inge Torkelsen.

Med minst like mykje god medbrakt mat som alltid og sol frå skyfri himmel vart jo og pausen mellom seremoniane til ein fest.