Velkommen til Bryne musikkorps

ABC-konsert

I'm lost in a tango
Janne Nese og Janne Lyngstad
Janne Nese og Janne Lyngstad
E39
E39














































ABC-konserten 2010 er historie

og bokstavane G og H er gjennomspelt :) For å krydre musikken hadde me med gode solistar, Torbjørn Fosse, Evy Lode Jonassen og Jan Jonassen, og spesielt må framhevast Evy si tolkning av Gabriellas song. Mens den pågjekk var det tyst i salen :) Arnstein gjorde igjen ein god jobb som konferansier. Konseptet var akkurat som før med konsert og rekebord, og til slutt dans til kjempegod musikk av E39.

Hovudæra for konseptet abc-konsert har Einar, og han jobber året rundt med planlegging og utvelging av musikk. Med seg har han to fantastiske arrangørar når det kjem til sjølve festen, dei to Janne'ne våre. Mannen til den eine av desse, Geir, har og kvart år kjørt til Tananger og henta oss så ferske gode reker det er mulig å oppdriva. Ein stor takk til han!!! Takk og til Kathrine Nese som kvart år stiller opp og står i baren mens me er opptatt med speling, og til Morten Serigstad som hjalp oss med billettsalget.