Velkommen til Bryne musikkorps

Basar U & E






















































Tradisjonen tro var me på basar på Undheim den 8. februar. I forkant hadde me to kjekke øvingar i lag med skulekorpset, og det burde me gjera oftare. Det er så kjekt.

Dei Onnai fornekta seg ikkje, det var utrulig mykje god heimebakst å mette seg på. God trøst til dei som ikkje hadde vinnarlukka med seg :)

Musikalsk fekk me høyrt både aspirantar og hovudkorps og me spelte Grease og Månemannen i lag med skulekorpset og framførte eit par stykker sjølv. Saulius kunne ikkje vera med og Bjørn stilte sporty opp som dirigent.

 

 Storkorps under øving før basaren
 Storkorps under øving før basaren