Velkommen til Bryne musikkorps

17. mai

Klar til speling til på torget før og etter talen

Ein kamuflert korpsing på Thime station
Ein kamuflert korpsing på Thime station

Det bles godt heile dagen, men trass alle dystre meldingar om regnbyger kom ikkje ein dråpe frå himmelen før me var ferdige med all speling! Ein stor dag for korpsingar er over. Me gjekk i 6 tog dette året og rekorden på stegteljaren vart 33 663 steg !!!

Slik var dagen vår:

kl 0700 speling i Vardheia
kl 0800 speling ved hesten
kl 0930 barnetog på Bryne
kl 1030 tog på Lye
kl 1200 tog på Undheim
speling før og etter talen
kl 1400 tog på Frøyland
kl 1600 folketog på Bryne
speling etter talen

Etter grand prix finalen den 16. mai henta me kjapt fram Fairytaile frå notearkivet vårt om morgonen, og denne vart til stor jubel og applaus framført før/etter dei forskjellige toga og til slutt frå scenen på torget.

 BMK bles liv i bebuarane i Vardheiå kl 07.

 17. mai frokosten vår på skulen smaker alltid godt etter ein times speling på tom mage

 Oppstilling til barnetoget. At Terje slutta i fjor er bare tull :) På plass igjen.

 På Undheim spelte me Ja vi elsker og Gud signe Norigs land i lag med Undheim & Eikeland skulekorps etter toget.

 Tradisjonen tro klarte me ein rask lunch på kinarestaurant. Julija frå Latvia var med oss 17. mai for 1. gong, og såg ut til å storkose seg om ho fraus litt innimellom.

 Inge og Ann Iren lader opp på Thime station før det 6. og siste toget

 Då all speling var over inviterte Anne Karin som vanlig til After train.

 Me hadde vorte litt kulsne og vindblesne etter ein lang utedag. Terrasselivet vart kortvarig og det vart pølse- og kakeservering inne.