ABC-konsert
Årets ABC-konsert vart ein suksess med fullsett lokale og ikkje ein billett igjen å oppdriva. Musikken vart flott presentert og publikum let vel. Vokalistane, Evy Lode Jonassen og Ola Hegrestad, er "store", og gjorde sitt til at det vart ein særs vellukka konsert. Sannsynligvis er me første korps i landet som har hatt årets grand prix vinnar Fairytaile på repertoaret. Denne vart og framført som ekstranummer til slutt til stor applaus.
Me opna konserten med Funiculi Funicula, og så følgde Rock around the Clock, Fame, Gud! – hvor du er deilig (allsang), Crying in the Rain, Stupid cupid, Elton John in Concert, Everything I do I do it for you, Fairytail, Främling, Erie Canal, Eviva Espana (allsang), A Tribute to Elvis, Every Breath you take, Morning Train og til slutt The final Countdown
Då konserten var slutt stod eit digert bord ferske herlige reker med tilbehør klar. Etter maten spelte Kuder med Ingve Serigstad, Evy Lode Jonassen og Jan Jonassen opp med fengande dansemusikk til ut i dei seine nattetimar.