17. mai
Covid-19 og koronapandemi tok verden på nyåret, og det prega 17-maifeiringa dette året. Me gjekk morgonparade, men kunne ikkje ha felles frokost og det vart ingen tog som vanleg. Olaf Ausdal hadde gått i bresjen for "biltog", der me fekk vera med og spela på Øksnevad jordbruksskule ein times tid, og kom med i fjernsynssendingar. Nokre av oss reiste så til Lye for å hjelpa dei å marsjera og spela rundt i gatene før me spelte på torjå på Bryne og marsjerte litt etterpå. Det skulle ikkje vera samla mykje folk nokon stad, så intet var annonsert. Det vart ein annleis dag enn me er vane med, men sannelig vart det kjekt dette året og.