Jul i Skomakergata
For 3. gong arrangerte me førestillinga Jul i Skomakergata på Rosseland skule den 9. desember 2018. Dette er arrangement der me har truffe publikum og får mange gode tilbakemeldingar. Dessutan aktiviserer me 3 skulekorps i tillegg til Bryne musikkorps og kulturskulen, og har eit veldig kjekt samarbeid. Dette året var Bore, Bryne og Lye skulekorps med. Gunn Marit Solli står for manus og regi for heile arrangementet.