17. mai
17. mai kom og gjekk, sannelig går ein dag fort når ein har det gildt.
Det var som alltid full aktivitet frå morgon til kveld. TV Vest kom på besøk under frokosten og me rulla på tv gjennom heile dagen. Eldar fekk litt styr med noteklypefeste han måtte lodde på ikkje berre ein, men TO gonger på formiddagen. Elles ingen uhell med unnatak av noteheftet til Einar som gong på gong datt i bakken og delte seg til lausbladsystem :) God temperatur, opphaldsver og vindstille, men himmelen opna seg og det pøsregna då me var ferdige - snakk om flaks! Dei som var med i alle tog hadde over 30 000 skritt på helseappen, så at me passerte det talet er ganske sikkert. Det kjennest nok i beina/hoftene på dei fleste dagane etter, då det mykje blir små skritt og ikkje slik me går til vanleg.
Tradisjonen tru gjekk me i 6 tog
0700 Vardheia
0930 Barnetog
1100 Lye
1200 Undheim
1400 Frøyland
1600 Folketog