Gubbiaden 12.03.16
Me deltok for første gong på Gubbiaden på De røde sjøhus. Den kreative musikanten vår, Gunn Marit, stod for regien, og me stilte som bønder i byn med både ku, stut, melkespann og melkekrakker som Eldar hadde laga for anledninga, og ikkje minst hest som Gunn Marit starta opptredenen vår med å koma ridande inn på.
Gubbiaden er ei uhøytidelig tevling for amatørkorps på De røde sjøhus arrangert av Tasta gubbekorps. I tillegg til arrangørkorpset deltok Politiets bluesband, Kvadrat musikkorps, Tanangerblæsen, Stavanger kommunes musikkorps og Randaberg musikkorps. Det viktigaste i Gubbiaden er entusiasme, humor og speleglede.
Me gjorde lukka med opplegget vårt, spesielt sidan me fekk publikum med på allsang på kjente sangar som Gøy på landet og Det var en god gammel bondemann. Elles spelte me Tango og The fox.
Premien for beste underhaldingsinnslag gjekk til Bryne musikkorps!
Me takkar Ruth Tipple Trepekunine for lån av trommer og rytmeinstrument og Felleskjøpet for sponsing av capsar og kjeledressar.
Frå øvingane