Øving med pølsa og krans
Igjen stilte Berit og Terje på øving med pølser og heimebakte kransar på ei øving før jul. Me aner ikkje kor mange år dette har pågått, men det er veldig mange. Me set umåtelig stor pris på slike gode tradisjonar og takkar æresmedlemmane for at dei spanderer og Berit og Terje for at dei gjer jobben! Berit fekk ein blom då me meir enn mistenker at ho har det meste arbeidet med det, og iallefall baker ho alle kransane! Tusen takk!