Velkommen til Bryne musikkorps

Instrument og uniform

RETNINGSLINJER BRYNE MUSIKKORPS

Styrande for retningslinjene er BMK sine vedtekter § 3.2

”d) Instrumenter, uniformer og utstyr skal holdes i god stand. Uforsiktig behandling kan medføre økonomisk ansvar.”


UNIFORM

Styret vil ved kvart speleoppdrag informera om kva uniform som skal brukast.

Uniform

Til full uniform høyrer kvit skjorte, blått slips, trøye, bukse, svart belte, einsfarga svarte strømper og sko, samt hatt.

Logo og flagg på armane, lyrer og medaljar er einaste pynt på uniformen. Av medaljar bruker ein dei nyaste, altså vekk med 10 års medalje når ein får 20 års, og då blir det  2 medaljar ein har på (BM og NMF).  Sjå bilete for korleis dei skal henge.

Når uniform blir brukt innandørs skal ikkje hatt brukast.

Uniform/deler av uniform som blir levert inn / bytta skal vera i nyreinsa.

Uniformansvarlig skal ha beskjed om innlevering/ utskifting.

Nisseklede

Vert brukt i samband med julebord og juletilstellingar. Her bruker me kufte/genser som yttarste plagg, dongeribukse og raud strikkelue.

Svart jakke

Skal i utgangspunktet kun brukast i korpsøyemed, og greit å bruke  når ein møter på andre korps sine arrangement. På korpsturar er den eit naturlig ytterplagg.

Styret har gitt løyve til Gukkenheimerkameraden å bruke korpsjakken på opptredenar.


INSTRUMENT

Instrument skal ved innlevering vera godt reingjort.


Medlemmer som sluttar skal snarast levera tilbake uniform, instrument og ev. anna utstyr til forvaltar som til ei kva tid har ansvar for dette.


NOTER

Noteforvaltarar må

- få beskjed frå musikkutvalet om kva noter som skal finnast fram til øving
- få alle nye noter til registrering
- få alle originalar (noter med blått stempel) tilbake frå medlemmene (korg oppå arkivet)

Medlemmer som sluttar må gå gjennom notepermen sin og plukke ut og levere tilbake eventuelle originalar, koral,- julehefte osv. Kopiar kan kastast.