Velkommen til Bryne musikkorps

Sommaravslutning 20.6.15

Denne gongen var festen lagt til fjoset på Tunheim, Harald Undheim sitt selskapslokale. Maten var kebab-tallerken og elles etter same lest som alltid, eit grundig forarbeid av sosialkomieteen og leiker av alle slag og fleire nye. Det kan nemnast ein type quizz der mobilane skulle brukast, rulla personar inn i dopapir, flytte non-stop med sugerøyr, rive elefantfigur ut i av eit ark, beat for beat, bygge tårn av spaghettig o marshmellows m.m. Elles underhaldt Torbjørn og Torger med div. songinnslag iført kostymer, og det vart dansa swing.