Jærdag 2015

Tradisjonen tro stilte Bryne musikkorps med mange vakttimar under Jærdagen/Jærnåttå. Dette året var vergudane med oss, så me var mange som rett og slett ikkje fraus i løpet av vakta.
Frå Jærbladet: (dei bomma litt på åra, me har nok vore med i nærare 45 enn 15 år)
"150 vakter både profesjonelle politi og vektarar og dugnadsfolk, er med på å trygga festivalen dag og natt.
Bryne musikkorps går vakt om nettene i gatene. Dei har ein fast gjeng.
Det er greitt med Bryne musikkorps. Dei har sikkert vore med i minst 15 år, er kjende og veit kva oppgåvene går ut på, seier Lende."