Slutt på fast tilhaldsplass, Peppes
Medlemmer i BMK har frå 2002 hatt som tradisjon å møtast til "laurdagskaffi", og dei ca. siste 10 åra har Peppes vore staden. Der har me kost oss med pizza og drikke, sommer tider ute i nydelig ver og andre gonger inne medan uveret raste utafor. Me har hatt mange koselige timar, men 30. juni 2015 er det slutt. Då legg Peppes ned og me takker for mange gode timar med hyggeleg vertskap, god pizza og koselig lag. No må me finna på noko nytt.