Velkommen til Bryne musikkorps

Komlefest

15. november var me med Litauisk forening på komlefest på Hommersåk. Busstransport begge vegar, ei økt med speling der ein frå det litauiske orkesteret hjalp oss med ein flott saksofonsolo, ein annan bidrog med sang og Ruth var igjen med på trommer av ymse slag. God stemning, mykje komler, sangkonkurranse og dans, og då Ruth stilte som instruktør på linedance var det ikkje mange som ikkje var på golvet. Det vart filma heile kvelden, og var i etterkant eit langt innslag på litauisk fjernsyn.