Velkommen til Bryne musikkorps

Til minne om Ingve

Ved flygelet i Storstova
Ved flygelet i Storstova
Ingve vart gravlagt 18. september og Bryne musikkorps stod æresvakt.
Ingve vart gravlagt 18. september og Bryne musikkorps stod æresvakt.

 

Ingve Serigstad (52) døydde 11.9.14 etter ei tids sjukdom og liv som vart for vanskelig. Ingve har vore medlem i Bryne musikkorps frå 1993 og trakterte stødig B-bassen vår både i korpset og i Gukkenheimer kameraden. Han var  ein av dei som utpeika seg ift musikalitet og musikkinteresse blant medlemmane våre, og han spelte fleire instrument og lærte seg å spela på det han hadde lyst til.  På piano var han dyktig og hadde fast oppdrag med å spela til allsangen under humanistisk konfirmasjon, og han koste seg og humra litt over teksten i programmet «Klaver: Ingve Serigstad». Ingve viste engasjement for korpset, og hadde mange idear for ting me kunne eller burde gjer. Så langt tilbake som underteikna har oversikt over var han med i styret som nestleiar frå 05-08, og som leiar i 2009 og 2010. 

Tankane våre går til Ingve sine 3 søner som han var så glad i og stolt av, og me føler med dei i sorga.