Velkommen til Bryne musikkorps

Speling på Frøyland

30. august var det Frøyland sin tur til å få ein liten musikalsk visitt  i samband med 80 års feiringa vår. Det var meldt eit veldig regnver, og dermed vart me inviterte under tak på terrassen hos nabo til butikkane. Veret var ikkje så gale som meldt, så me starta utfor Rimi, men flytta oss så opp på terrassen i 4. etasje hos Margreta då det høyrtes veldig gildt ut. Takker for invitasjonen, og håper vertinna og naboane koste seg like mykje som me gjorde.