Velkommen til Bryne musikkorps

17. mai

Foto: Aftenbladet
6 tog gjennomført og speling på torget til slutt
6 tog gjennomført og speling på torget til slutt
Glede
Glede
After train hos Ã…se og Berge
After train hos Ã…se og Berge


Seks tog, ca 33 000 skritt og 23 km - ein heilt alminnelig 17. mai for Bryne musikkorps

Det blir referert til Kongen, at han sa "17. mai er såre føtter og klump i halsen" - og det stemme nok for mange, og for korpsingar spesielt såre føtter. Nokre vil finna seg betre sko til neste år, andre døyver smerter i slitne kroppsdeler som ikkje enkelt kan kjøpast nye, for å gå på med friskt mot neste år igjen.

Ein draumedag er over - akkurat passe temperatur, ørlite vind og ingen nedbør, med andre ord heilt perfekt for korpsaktivitet ein heil dag.

Me starta dagen med morgonspeling i Vardheia kl 07, og etter fjorårets pause såg det ut som bebuarane var veldig glade for me var der igjen. Me spelte ved hesten etter kransenedlegging for dei falne, parkerte bilar strategisk for å koma avgårde mens det ennå var togaktivitet i gatene, og gjekk til skulen der Åse og Gustav hadde laga herlig frokost.

Så fulgte barnetog kl 0930 før me fant igjen bilane og reiste til Lye. Presis kl 1100 fulgte me NMF si oppfordring og spelte jubileumsmarsjen Det går eit festtog gjennom landet i toget på Lye. Frå Lye bar det til Undheim og nytt tog, før me fekk oss ein velfortent lunch på kinarestaurant på Bryne. Kl 14 var det avgang for toget på Frøyland, og så ein liten pause til folketoget på Bryne kl 16. Etter folketoget samlast alle korpsa og spelte felles Ja vi elsker, Det går et festtog gjennom landet og Fagert er landet.

Me hadde jubileumsfotografen vår, Berge, med oss heile dagen, og  han har tatt utallige bilete. Ein del av desse vil koma her når me får sortert litt.

Åse og Berge inviterte til After train, ei flott avslutning på dagen i solnedgangen i hagen deira med pølser, kaker og leskande.

 

 

Spill Det går et festtog gjennom landet
Det går et festtog gjennom landet

Last ned