Velkommen til Bryne musikkorps

HMK Garden

H.M. Kongens Garde, The Field Band Foundation direkte fra Sør Afrika og 18 korps frå Hå, Gjesdal, Time og Klepp var samla på Stadion den 19.juni.

Det var fargerikt på stadion der 18 korps i uniformar var samla og fekk spela Gammel jegermarsj i lag med HMK Gardens musikkorps.

Himmelen opna alle sluser før og etter, men under arrangementet skein sola!

Korpsa vart presenterte eit etter eit og marsjerte inn på stadion. Me fekk sett og høyrt eit fantastisk show av The Field Band Foundation før Garden kom marsjerande inn og blanda seg med oss for å spela. Det var stort både i opplevelse og tal musikantar :)

HMK Gardens musikk- og drilltropp fekk så grasmatta for seg sjølv og hadde ei imponerande forestilling.




 plakat Read file



 

 Alle som deltok fekk
 Alle som deltok fekk "Garde- medaljar"
 og det var ei utfordring for nokre å få hengt den rundt halsen :)
 og det var ei utfordring for nokre å få hengt den rundt halsen :)
 Me venta tålmodige på at det skulle byrja
 Me venta tålmodige på at det skulle byrja
 Ingen sure miner om det vart ei stund å stå
 Ingen sure miner om det vart ei stund å stå
 Solbriller! Heilt utruleg etter Garden mest både bles og regna vekk på Nærbø tidlegare på dagen.
 Solbriller! Heilt utruleg etter Garden mest både bles og regna vekk på Nærbø tidlegare på dagen.
 Sakmil var først på banen
 Sakmil var først på banen
 Inne på grasmatta stilte me opp instrumentvis
 Inne på grasmatta stilte me opp instrumentvis
 Klarinettane liker orden og beine rekkjer :)
 Klarinettane liker orden og beine rekkjer :)
 Dansarane i the Field Band Foundation varmer opp
 Dansarane i the Field Band Foundation varmer opp
 Litt annleis instrument enn me har
 Litt annleis instrument enn me har
 Her fekk me både sjå og høyra musikk på anna vis enn me framfører den. Dei dansa musikken ut!
 Her fekk me både sjå og høyra musikk på anna vis enn me framfører den. Dei dansa musikken ut!
 Drilltroppa står klar til innmarsj
 Drilltroppa står klar til innmarsj
 .. og så var det heile over. HM Kongens Garde forlet Bryne stadion
 .. og så var det heile over. HM Kongens Garde forlet Bryne stadion