Hommersåk
Ein flott føremiddag med korpsmusikk og sol som glitra i ein speglblank sjø, matservering, is, fullt av glade folk på kaia etc. etc.
Saulius er dirigent for både Hommersåk skolekorps, Riska musikkorps og Bryne musikkorps, og dette har medført kjekke samarbeidsprosjekt, som speling på Sandnes under opninga av kulturbyen, og no sist invitasjon frå Hommersåk skolekorps til å delta på korpsdag på Hommersåk under opninga av Riskadagane.
Det vart ein fantastisk formiddag som starta med marsjering frå stadion kl 0915. Etter ein halvtimes tid kom me til kaia til eit yrande folkeliv og frokostservering. Utover formiddagen spelte dei deltakande korpsa kvar sin liten konsert før me avslutta med felleskonsert med musikken me spelte på Sandnes. Me hadde absolutt ikkje gløymt det av, og iallefall frå ein musikant sin ståplass høyrtes det kjempebra ut.
07.06.08