Til minne om Anne Karin
Vår kjære medmusikant og gode venn, Anne Karin Braut, tapte kampen mot kreften og døydde 21. september, 54 år gammal. Heilt til det siste var ho levande engasjert i alt som skjedde, og ho viste ofte kor mykje ho brydde seg om og sette pris på korpset sitt og oss. Ho inviterte til speling og fest i hagen fleire gonger i sjukdomsperioden, og strålte og lo, og som ho sjølv sa "eg er no som før best i fest". Me fekk spelt for henne utfor huset siste gong 11. september, medan ho stod på trappa og vinka. Kjære Anne Karin, takk for alt du ga oss, til og med mens du hadde det som verst. Minnet om deg og den du var vil me alltid bera med oss.
Me tenke på og sørge med Espen, Vidar, Andreas og Tjalve, som har mista ei kjær kone og mor.