Velkommen til Bryne musikkorps

ABC - grenseløs KVELD






























































9. mars arrangerte me igjen ABC konsert, denne gongen med heilt ny vri, og derfor namnet "grenseløs KVELD". Me arrangerte i lag med koret Vice Versa frå Hommersåk og Norsk Litauisk forening, og det var spennande å vera både kor og korps i tillegg til solistar under framføringa av musikken. Saulius styre oss alle, og har jobba hardt og lenge med arrangering av musikk og øving med kor og korps kvar for oss og i lag, med godt resultat. Takk til Ruth som stilte opp og hjalp på trommer, då Johnny og Bjørnar bare har 2 armar og bein kvar.

Frå Litauen kom dansebandet AGE, og to av dei var med som solistar under vår konsert. Dansegruppa Ravndans stilte med flott underhaldande dans til nokre av nummera våre.

Nytt for året var og plassen, me flytta frå Møllå til samfunnshuset på Frøyland for å få plass til alle, både utøvarar og gjester.

Alt gjekk bra, me er fornøgde med kvelden, trass i at me hadde litt reker til overs og kunne metta nokre gjester til.