Velkommen til Bryne musikkorps

Brasskonsert med Orre skulekorps 26.10.24

Orre skulekorps har laga det som tradisjon å ha ein gratiskonsert under den årlege haustmessa, og denne gongen hadde dei fått med seg jazzgruppa Gisle Mykjebust Quartet, samt dei som hadde lyst frå Bryne musikkorps, som vart heile 20.  

Me framførte  Orre skulekorps sine eigne låter;  Red Rock March, Happy og You've got a friend in me, og kvartetten hadde med Mercy, mercy, mercy arrangert for korps av Per Egil Vang og Gisle Myklebust sin eignekomponterte J.K. Waltz, og arrangert av Vang. Kvartetten spelte åleine ein eigenkomponert låt av Myklebust og vår eigen Kjetil Gudmestad var ein glimrande solist på stykket "The lazy Trompeter".  Til avslutning spelte me "Orresangen" til melodi av Champs-Elysees, der musikantar frå Orre skulekorps trødde til som forsangarar/kor og viste dei kunne syngja såvel som å spela. 

Dette var veldig gildt å øva fram mot og vera med på, ein annleis konsert for både skulekorpset og oss saman med musikarar på høgt nivå. Me hadde heile 3 trommesett på scenen og musikarar i alle aldrar som spelte det same. Vel blåst til alle og takk til bandet som tok seg tid til å vera med skulekorps for å fremja musikkglede og sjå muligheiter. Veldig mange profesjonelle musikarar har jo starta karriera si i skulekorps. 

 

Gisle Myklebust Quartet

"Denne kvartetten har eksistert siden 1995. De har hele tiden spilt mest mulig egenkomponerte låter.
Musikken spenner fra inderlige ballader til heftige bebop låter – en miks av låter fra akustisk melodisk jazz som publikum har vist å ha satt pris på. Kvartetten har sin base i Rogaland. Jazzgruppa er definitivt et energifylt liveband som du husker lenge etter å ha vært på konsert. Besetningen består av; Gisle Myklebust – saksofoner, bassklarinett og fløyte, Rolf Hinderaker – piano, Øystein Eldøy - bass og Karsten Tillerli – trommer."