Santa Susanna 27.09.-04.10.24
Same, same, but different; Oktoberfestialen i Spania er flytta til Santa Susana, ein times spasertur frå Calella, og me var spente på korleis det skulle bli. Alt var bra, god standard og beliggenhet på hotellet både i forhold til scene, telt, strand, togstasjon og sentrum, og turen var like vellukka som dei førre gongene.
Me hadde 3 sceneopptredenar på strandpromenaden og ein i teltet, og fekk god respons på repertoaret vårt, spesielt det som er godt gjenkjenbart så folk kunne synge med.
Då me ikkje spelte var det gode muligheter til lange gåturar, sykketurar, soling, bading og shopping. Fleire var tilbake i Callella og kjende på stemingen der, anten til fots eller med tog.
Konklusjonen er at alle er samde om at me har hatt ein gild tur !!