Bryne Musikkorps
Velkommen til Bryne musikkorps
 • Sjå kva som skjer    • Om korpset    • About the band    • Biletarkiv    • For medlemmar    • Kontakt oss    • Gukkenheimer    • Linkar    

 

 

   Biletarkiv
    - Jul
    - Pølsa og krans
    - Jul i Skomakergata
    - Tenning av julegrana
    - Basar Rosseland skulekorps
    - Oktoberfest
    - Korps på friluftstur nr 3
    - Korps på friluftstur nr 2
    - Korps på friluftstur
    - 17. mai 2016
    - 17. mai feiring i Dronningåsen
    - Humanistisk konfirmasjon
    - 1. mai
    - Bryne skulekorps sin basar
    - Gubbiaden 12.03.16
    - Marknad på Varatun
    - Basar på Undheim
    - Ølfest på Hommersåk
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
 

 

 

 





Jul i Skomakergata
 
 
 
 
 
 

Bryne musikkorps satsa nytt og stort med 2 framsyningar av Jul i Skomakergata på Rosseland skule den 4. desember. Publikumstilstrøyminga var eneståande, og me er veldig glade for at det kom langt over 400 tilskodarar til saman på dei to framsyningane våre.

Me hadde invitert med oss skulekorpsa i distriktet, og av dei var det Bryne og Klepp skulekorps som vart med. I tillegg deltok Time kulturskule med både kor og solist Sigrid Undheim Lygren, og Idar Håland stilte opp med pølser rundt halsen og klarinetten i handa som kjøtthandler Håland, og redda opptredenen til dei 4 musikantane som var berre 3 sidan blomsterhandlar Rosenkvist hadde skåre seg i fingrane. Kirsten Horpestad frå Klepp skulekorps var stemmen til Tøfflus og aspirantane frå Klepp skulekorps deltok som dansarar/mus både til På låven sitter nissen og Musevisa.

Medlemmer i Bryne skulekorps debuterte som skodespelarar, og det gjekk aldeles strålande. Jon Blund var heller ikkje gløymd, og her hadde Gustav Jensen  og Kyrre Øien laga film der Christian Stabel var Jon Blund og ordførar Kverneland las opp barnas rettar. Johnny Kartevoll hadde arrangert trommestunt saman med trommeslagarane frå skulekorpsa, eit kjekt rytmisk innslag på den store torgfesten i Skomakergata.

Her har det verkelig kome fram kor mykje forskjellig komptetanse me har i korpset når medlemmer har stått for alt frå laging og maling av kulisser, sying av kostymer og produksjon av film til baking. Det har vore mange Pippi'ar i aksjon, som har tenkt "dette har eg aldri gjort før, så det kan eg sikkert". Eit veldig kjekt og samlande arrangement både innad i korpset og utad blant korps/kulturskule i 2 kommunar.

Honnør til initiativtakar med ansvar for manus og regi: Gunn Marit Solli

 

 

 

 

 

 




Get Adobe Reader  oversikt roller og komitear Read file

 



 

 

Nye musikantar er alltid velkomne