Bryne Musikkorps
Velkommen til Bryne musikkorps si heimeside
 • Sjå kva som skjer    • Om korpset    • About the band    • Biletarkiv    • For medlemmar    • Kontakt oss    • Gukkenheimer    • Linkar     • Gjestebok  

 

 

   Biletarkiv
    - Jul
    - Pølsa og krans
    - Jul i Skomakergata
    - Tenning av julegrana
    - Basar Rosseland skulekorps
    - Oktoberfest
    - Korps på friluftstur nr 3
    - Korps på friluftstur nr 2
    - Korps på friluftstur
    - 17. mai 2016
    - 17. mai feiring i Dronningåsen
    - Humanistisk konfirmasjon
    - 1. mai
    - Bryne skulekorps sin basar
    - Gubbiaden 12.03.16
    - Marknad på Varatun
    - Basar på Undheim
    - Ølfest på Hommersåk
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 751 710

 

 

 





Gubbiaden 12.03.16
 
 
Det var store flotte premiar - vår var det flotte slipset og klovnenase :)
 
Det var store flotte premiar - vår var det flotte slipset og klovnenase :)
 
Melkekrakkane Eldar laga for anledninga
 
Melkekrakkane Eldar laga for anledninga
 

 

Me deltok for første gong på Gubbiaden på De røde sjøhus. Den kreative musikanten vår, Gunn Marit, stod for regien, og me stilte som bønder i byn med både ku, stut, melkespann og melkekrakker som Eldar hadde laga for anledninga, og ikkje minst hest som Gunn Marit starta opptredenen vår med å koma ridande inn på. 

Gubbiaden er ei uhøytidelig tevling for amatørkorps på De røde sjøhus arrangert av Tasta gubbekorps. I tillegg til arrangørkorpset deltok Politiets bluesband, Kvadrat musikkorps, Tanangerblæsen, Stavanger kommunes musikkorps og Randaberg musikkorps. Det viktigaste i Gubbiaden er  entusiasme, humor og speleglede.

Me gjorde lukka med opplegget vårt, spesielt sidan me fekk publikum med på allsang på kjente sangar som Gøy på landet og Det var en god gammel bondemann. Elles spelte me Tango og The fox.

Premien for beste underhaldingsinnslag gjekk til Bryne musikkorps!

Me takkar Ruth Tipple Trepekunine for lån av trommer og rytmeinstrument og Felleskjøpet for sponsing av capsar og kjeledressar.

 

 



Gunn Marit og hesten

Dommaren si vurdering
Dommaren si vurdering

Frå øvingane  











Utskriftsvennlig versjon

 

 

Nye musikantar er alltid velkomne