Bryne Musikkorps
Velkommen til Bryne musikkorps
 • Sjå kva som skjer    • Om korpset    • About the band    • Biletarkiv    • For medlemmar    • Kontakt oss    • Gukkenheimer    • Linkar    

 

 

   Biletarkiv
    - Julespeling
    - Julekonsert
    - Potetkorpsdag
    - Potetfestival
    - HMK Garden
    - Hommersåk
    - 17. mai
    - Andy Sheppards Saxophone Massive
    - Humanistisk konfirmasjon
    - 1. mai
    - Jærstevne
    - Basar
    - ABC-konsert
    - Basar
    - Kulturhovedstaden 2008
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
 

 

 

 





ABC-konsert
 
 
 
Korpsets 2. abc-konsert er avvikla med suksess 01.03. - Møllå var fullsatt, og publikum tyktes å storkose seg både med konserten, rekene og dansen etterpå til musikk av Haralds krydder.

Ola Hegrestad stilte og dette året velvillig opp som solist, og det set me stor pris på. Han syng fantastisk, så er DET sagt til dei som ikkje var så heldige dei fekk høyra. Av våre eigne leia althornist Arnstein Ramstad oss på ein glimrande måte gjennom konsertdelen og kornettist Torger Reve stilte som han pleie sporty opp som forsangar til allsangane. Ingve Serigstad trakterte både tuba og flygel alt etter kva som passa best til konsertnummera vår. Dette berre for å nemne litt av mangfaldet blant korpsmedlemmane.

Repertoaret vårt på konserten var:

Be my Guest - Fats Domino - Solist Ola Hegrestad.
Que Sera - Doris Day – allsang
The Cream of Clapton - Eric Clapton
Georgia - Hogie Carmichel
Halleluja - Leonard Cohen - Solist Ola Hegrestad
Oh, Carol - Neil Sedaka – allsang
Revival for Band - Creedence
Conga - Gloria Estefan

The Coffee Song - Osibisa - Solist Ola Hegrestad
Tequila - The Champs
Den ølglade sjømanns vise – allsang
Cup of Life - Desmond Child (Ricky Martins hit)
Carmencita og Fritiof - Evert Taube – allsang
Don’t cry for me Argentina - Andrew L. Webber
Copacabana - Barry Manilow
El Capitan - J. P. Sousa

Til neste år blir det garantert rift om plassene, så her gjeld det å kjenne si besøkelsestid når billettane blir lagt ut for salg :)

 


Sigrunn er med på det meste og er "brukandes" til alt. Her sel ho billettar. Takk for hjelpa!

Svanhild fylte år og sjølvsagt spelte me fødselsdagsangen for henne.

Arnstein gjorde nok ein gong ein glimrande jobb som konferansier.

Ingve veksla mellom flygel, tuba og sang gjennom konserten.

Her korer både Torger og Ingve under The coffee song

Dirigenten vår, Saulius, akkurat slik me håpte å sjå han etter konserten.

Ferske store reker på bordet - Nå skal det bli godt med mat

Mor og far Reve er trufaste publikumarar på dei fleste av arrangementa våre!

Dette smakte !

Så var det tid for korpsingar og å få seg ein matbit

Haralds krydder spelte til dans

Fornøgde gjester

 

 

Nye musikantar er alltid velkomne