Bryne Musikkorps
Velkommen til Bryne musikkorps
 • Sjå kva som skjer    • Om korpset    • About the band    • Biletarkiv    • For medlemmar    • Kontakt oss    • Gukkenheimer    • Linkar    

 

 

   Biletarkiv
    - Julespeling
    - Julekonsert
    - Potetkorpsdag
    - Potetfestival
    - HMK Garden
    - Hommersåk
    - 17. mai
    - Andy Sheppards Saxophone Massive
    - Humanistisk konfirmasjon
    - 1. mai
    - Jærstevne
    - Basar
    - ABC-konsert
    - Basar
    - Kulturhovedstaden 2008
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
 

 

 

 





HMK Garden
 
H.M. Kongens Garde, The Field Band Foundation direkte fra Sør Afrika og 18 korps frå Hå, Gjesdal, Time og Klepp var samla på Stadion den 19.juni. Det var fargerikt på stadion der 18 korps i uniformar var samla og fekk spela Gammel jegermarsj i lag med HMK Gardens musikkorps.

Himmelen opna alle sluser før og etter, men under arrangementet skein sola!

Korpsa vart presenterte eit etter eit og marsjerte inn på stadion. Me fekk sett og høyrt eit fantastisk show av The Field Band Foundation før Garden kom marsjerande inn og blanda seg med oss for å spela. Det var stort både i opplevelse og tal musikantar :)

HMK Gardens musikk- og drilltropp fekk så grasmatta for seg sjølv og hadde ei imponerande forestilling.



 plakat Read file

 


Alle som deltok fekk "Garde- medaljar"

og det var ei utfordring for nokre å få hengt den rundt halsen :)

Me venta tålmodige på at det skulle byrja

Ingen sure miner om det vart ei stund å stå

Solbriller! Heilt utruleg etter Garden mest både bles og regna vekk på Nærbø tidlegare på dagen.

Sakmil var først på banen

Inne på grasmatta stilte me opp instrumentvis

Klarinettane liker orden og beine rekkjer :)

Dansarane i the Field Band Foundation varmer opp

Litt annleis instrument enn me har

Her fekk me både sjå og høyra musikk på anna vis enn me framfører den. Dei dansa musikken ut!

Drilltroppa står klar til innmarsj

.. og så var det heile over. HM Kongens Garde forlet Bryne stadion

 

 

Nye musikantar er alltid velkomne