Bryne Musikkorps
Velkommen til Bryne musikkorps
 • Sjå kva som skjer    • Om korpset    • About the band    • Biletarkiv    • For medlemmar    • Kontakt oss    • Gukkenheimer    • Linkar    

 

 

   Biletarkiv
    - Julespeling
    - Julekonsert
    - Potetkorpsdag
    - Potetfestival
    - HMK Garden
    - Hommersåk
      Program
    - 17. mai
    - Andy Sheppards Saxophone Massive
    - Humanistisk konfirmasjon
    - 1. mai
    - Jærstevne
    - Basar
    - ABC-konsert
    - Basar
    - Kulturhovedstaden 2008
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
 

 

 

 





Hommersåk
 
Ein flott føremiddag med korpsmusikk og sol som glitra i ein speglblank sjø, matservering, is, fullt av glade folk på kaia etc. etc. Saulius er dirigent for både Hommersåk skolekorps, Riska musikkorps og Bryne musikkorps, og dette har medført kjekke samarbeidsprosjekt, som speling på Sandnes under opninga av kulturbyen, og no sist invitasjon frå Hommersåk skolekorps til å delta på korpsdag på Hommersåk under opninga av Riskadagane.

Det vart ein fantastisk formiddag som starta med marsjering frå stadion kl 0915. Etter ein halvtimes tid kom me til kaia til eit yrande folkeliv og frokostservering. Utover formiddagen spelte dei deltakande korpsa kvar sin liten konsert før me avslutta med felleskonsert med musikken me spelte på Sandnes. Me hadde absolutt ikkje gløymt det av, og iallefall frå ein musikant sin ståplass høyrtes det kjempebra ut.

07.06.08

 


Klar til marsjering. Kjetil hadde den minste og kulaste ryggsekken.

Anne Kristine og Gunn Iren, dei to "minste" i korpset :)

Me marsjerte ganske langt, forstod me då me gjekk tilbake for å henta bilane.

Gratis frokost til alle

Det smakte godt og tallerkane vart fort tomme

Godt å slappe av litt i skyggen etter marsjering i steikande sol.

Oppstilling for speling av fellesnummer "Gud signe vårt dyre fedreland"

Saulius instruerer

Ute på bryggekanten ...

Einar og Eldor storkoser seg

Riska musikkorps

Slik såg me Saulius heile formiddagen - han dirigerte alle korpsa samt under avspeling av fellesnummera

Sol og musikk - kor mykje betre kan det bli?

Ny oppstilling til fellesnummer



Fantastisk kjekt med SÅ mange trommisar på ein gong.

 

 

Nye musikantar er alltid velkomne