Bryne Musikkorps
Velkommen til Bryne musikkorps
 • Sjå kva som skjer    • Om korpset    • About the band    • Biletarkiv    • For medlemmar    • Kontakt oss    • Gukkenheimer    • Linkar    

 

 

   Biletarkiv
    - Calella 07.10.-13.10.22
    - Calella 29.09.-03.10.19
    - Krakow 27.-30.9.17
    - Calella 2015
    - Litauen 02.-04.09.11
    - Tyskland 2010
    - Litauen 26.-29.06.2009
    - Litauen 05.-08.09.2008
    - Gøteborg 2006
    - Berlin 2004
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
 

 

 

 



Me var venta i Pasvalys


Litauen 26.-29.06.2009
Utekonsert i Panevezys
 
Utekonsert i Panevezys
 
I fjernsynshuset i Vilnius og snart klar til cd-innspeling
 
I fjernsynshuset i Vilnius og snart klar til cd-innspeling
 
Intern konsert på hotellet
 
Intern konsert på hotellet
 
Bryne musikkorps har igjen hatt ein fantastisk kjekk tur i Latvia og Litauen Me reiste frå Sola grytidleg fredag morgon og tilbrakte første dag i Riga (Latvia). Forflytta oss med buss til hotel Silas i Pasvalys (Litauen) der me tilbrakte 2 netter. Laurdag haldt me ein times utekonsert først i sentrum av Pasvalys, og så i Panevezys. Søndag var me klar for kyrkjebesøk i Pasvalys, og spelte først litt forskjellig utfor kyrkja og så koralar inne. Fantastisk akustikk i kyrkja gjorde oss helst overvelda av kor fint me spelte :)

Søndag ettermiddag forflytta me oss til Vilnius og hotel Viesbutes, og måndag morgon stod cd-innspeling for tur. Me møtte spente i Litauens fjernsynsselskap og tilbragte 4 konsentrerte timar i studio. Det var tøft !! No venter me spente på resultatet.














Ein stor takk til Saulius som gjer ein kjempejobb for oss med planlegging og gjennomføring av turar i heimlandet hans.






































 


På Sola i 4-tida om morgonen Litt i kaffien måtte til for å vakne

Vel ankomne i Riga og skal få alt og alle på plass i bussen

Pizzapause i Riga

Anne Kristine har shoppa "hodeplagg"

Dette bordet stod dekka til oss på hotell Silas då me kom dit fredagskvelden

og både musikantar og følger var vel fornøgde med maten

Visste de det er i Bryne musikkorps han er å finna ?

Konsert utfor musikkskulen i Pasvalys

Saulius blir filma og intervjua etter konserten

Lunch i Pasvalys

Arnstein var storshopparen på turen, og viser stolt fram eit av kuppa

Gunn Iren sørger for at alle held magane i orden

Me har forflytta oss til Panevezys

Sjå så mykje flott grovmessing :)

Gratis drikke etter konserten

Nokon fann ut at Julija var glad i irish coffee


Det vart bedreve ulike aktivitetar på kveldstid

Speling utfor kyrkja i Pasvalys

og speling inne i kyrkja

Nok ein gong stod eit flott lunchbord klar til oss, denne gongen var ølet på kyrkja som takk for speling.

Bror til Saulius fekk bmk-skjorte då me tok farvel med han og Pasvalys

Då sjansen baud seg til ein dukkert på turen til Vilnius var det mange som ikkje kunne motstå .. og motsatt

Det er sjynt å kjøra buss ..

Der me kom til middag om kvelden i Vilnius fekk me ein kvasse velkomst i desse horna

og når dei var tømte kunne me spela :)

Eit koseleg lokale

Sånn ser komlå i Litauen ut

Ei øks på veggen i passe størrelse

Berge skrøyde

Morgonkaffi på hotellet i Vilnius

Fjernsynshuset i Vilnius

I studio

Her hadde me Johnny i "bur"

Tøft :)

Høgt på toppen der hadde me lunch

Her sveiv me konstant rundt og fekk sett heile byen frå oven

Maten var nydelig, men ikkje alle var like begeistra for forretten

Ann Iren er storfornøgd med handelen sin i Vilnius

Panisk ompakking og vektfordeling på flyplassen

 

 

Nye musikantar er alltid velkomne