Bryne Musikkorps
Velkommen til Bryne musikkorps si heimeside
 • Sjå kva som skjer    • Om korpset    • About the band    • Biletarkiv    • For medlemmar    • Kontakt oss    • Gukkenheimer    • Linkar     • Gjestebok  

 

 

   Biletarkiv
    - Krakow 27.-30.9.17
    - Calella, Catalonia/Spania
    - Litauen 02.-04.09.11
    - Tyskland 2010
    - Litauen 26.-29.06.2009
    - Litauen 05.-08.09.2008
      Våre venner frå Hviterussland (Belarus)
    - Gøteborg 2006
    - Berlin 2004
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 751 726

 

 

 




Litauen 05.-08.09.2008
 
 
 
 
der me besøkte byane Siauliai, Pasvalys og Panevezys


Me hadde ein fantastisk kjekk tur til Litauen til tross for at nokon på Sola prøvde å stoppe oss med å køyre hol i flyet. I staden for direkte fly torsdagskvelden vart det morgonfly til København og vidare derifrå kl 15 for dei fleste, mens nokre få heldige kom med på eit fly tidleg på morgonen og fekk sett Riga den dagen.

Altså mista me ein dag i Litauen, men du og du men alt me likevel fekk med oss. Arrangementet me deltok på var større enn me hadde hatt fantasi til å tenke på førehand.

Me deltok på festivalen Brass dialogas (sjå plakaten) som innebar blåtur, marsjering, konsert m.m, me var på ølsmaking med underhaldning på eit slott og me spelte i ei katolsk kyrkje der me fekk servert mat og vin av presten etterpå. Overalt vart me godt mottekne og fekk god servering. Me fekk rett og slett problem med å få brukt pengar.

Då veret i tillegg viste seg frå si beste side med sol og GOD sommartemperatur kunne ingenting betre vore.






Šiauliai (betyr «Skytterens by» og uttales: «sjæolæi») er Litauens fjerde største by og ligger i den nordvestre del av landet.

Byens grunnleggelse regnes nå til 22. september 1236, samme dag som da Solslaget fant sted ikke langt fra Siauliai. De to verdenskrigene ødela tilsammen 80% av bygningsmassen i byen.

Siauliai er i dag en blomstrende industriby med kun ca 3% arbeidsledighet.

Ikke langt fra Siauliai ligger Korshøgda, to små koller med tilsammen omkring 150 000 store og mindre kors på. Korshøgda er et av de viktigste religiøse og kulturelle minnesmerker i landet. I byen ligger en liten park med Skyttermonumentet til minne om slaget i 1236.




Read file
 Litt om plassene me besøkte



 


Reiseklar på Sola mens me ennå trudde me skulle reisa på tur torsdag kveld

Gunn Iren og Svanhild overnatta som bagasjevakter på Sola

Dei fleste av oss tilbrakte første turdag på Kastrup.

Det var jo ein slags tur det og

om enn litt langdryge

Fredag kveld kom me til hotel Silas. Her var idyllisk, og i desse trakter var det Saulius voks opp.

Dette lekre bordet stod dekt til oss då me kom.

Utpå kvelden fann Saulius vodkaen


Fjåge klarinettistar på tur

Blåtur i lag med den hollandske gruppa De Glasblazers. Me vart frakta langt til skogs med eit gammalt tog

Ombordstigning

Ein del av velkomst- komiteen der me kom fram

Omelett steikt på bål smakte godt.

Eldor og Åse måtte på scenen og gjer nokre akrobatiske øvingar.

Forskjellige konkurransar følgde

Heiagjengen Bjørn, Gunn Iren og Janne

Inge stolt over å ha vunne eit sportslig internasjonalt mesterskap - i støvelkasting

Sigrun og Eldar ute på ei fartsfull ferd med hest og kjerre

Å gå på do midt uti skogen var og litt "annerledes"

På togtur tilbake til sivilisasjonen

Seinare på dagen var det parade. Her ein bitte liten del av den.

Me er ute på det Saulius hadde kalla ein liten marsj - sånn ca 2 timar varte den.

Det var knallkjekt, og me var rimelig varme og sletne då me kom i mål

Etter paraden var det konsert med alle deltakande korps/band. Mykje kjekt å høyra og sjå.

Kvelden vart avslutta med eit fantastisk og langvarig fyrverkeri

Søndag morgon spelte me i Panevezys kyrkje

Kyrkja var fullsett og publikum viste stor begeistring.

Så fulgte kyrkjekaffi med presten

Litt uvant for oss med vin på kyrkjekaffi

Avslutnings- konsert søndag ettermiddag

Eldor fekk overrakt ei gåve frå oss, og Saulius hjalp han med språket

De Glasblazers og nokre sånne ein del, heilt kjønnsbetinga, i BMK ønskjer seg

Etter konserten fekk me mat igjen

og så bar det ut i sola til allsang på tvers av nasjonar

Glade cd-innehavarar

Tubarekkja var fulltallig på tur

og det same var "barritennene"

På Birzu slott fekk me smake øl og fekk orientering om produksjon og historie

samt innføring i litt musikk og dans

Så sko me få smake dei, ifølge Saulius, beste komlene i verden.

Og visst var dei gode og magane blei fyllte

Bror til Saulius fekk og eit par gåver som takk for alt han i lag med Saulius hadde lagt til rette for oss

Terje konverserte godt med bror til Saulius - forskjellig språk er inga hindring

Siste utflukt gjekk til Korshøyden - ein stor katolsk helligdom

Siste rast på bussturen til flyplassen

Åse trasser høgdeskrekken

Så var ein kjekk tur over. Borte bra men ....:)




Utskriftsvennlig versjon

 

 

Nye musikantar er alltid velkomne