Print this page


Krakow 27.-30.9.17
x
 
 
 
 
 

Me deltok på den 9. Cracovia Music Festival og hadde flotte dagar i Krakow. Hotellet låg nokre meter frå trikkehaldeplassen, så det var fort gjort å koma seg til gamlebyen, der me opphaldt oss mykje i det fina veret.

Me hadde ein konsert i Manggha og ein kyrkjekonsert i Church of St. Peter and St. Paul, der me berre fekk stille med 12 musikantar, "dei utvalde", som vart nemnaren for dei. Dog kjekt å stolt høyra på for alle som ikkje fekk delta.

Nokre fekk shoppa mykje, nokre var i saltgruvene, nokre på Schindler museet, det var felles middagar om kveldane, og elles gjorde me ingenting anna enn å kose oss.

Korpstur er kjekt!